Faglege identitetsforhandlingar i ein fleirstemmig norsklærarrøyndom

Forfattere

  • Øyvind Wiik Halvorsen Universitetet iBergen

DOI:

https://doi.org/10.5617/adno.7889

Sammendrag

Denne artikkelen legg eit dialogisk og sosiokulturelt perspektiv til grunn for å undersøkje tilhøvet mellom fagleg identitet og læraraktørskap (teacher agency). Eitt intervju med ein norsklærarar i vidaregåande skule vert analysert som døme på korleis lærarar forhandlar fagleg identitet mellom personlege erfaringar og sosiale språk og talesjangrar som vert tilbydde av røyster i læraren sin sosiokulturelle kontekst. Tilhøvet mellom dei ulike røystene kan verte forstått som ei produktiv spenning der læraren aktivt tek stilling til moglege norsklærar-posisjonar. Analysen syner korleis læraren utøver aktørskap ved å påverke eigen norsklæraridentitet, samstundes som læraren si gradvise erkjenning av eigen fagleg identitet vert ein ressurs for å gi retning til lærarverksemda. Artikkelen framhevar slik fagleg identitet, sosiale språk og talesjangrar si rolle i å forme læraraktørskap samt korleis fagleg identitet og aktørskap er knytt til lærarprofesjonalitet.  

Nedlastinger

Publisert

2021-11-23

Hvordan referere

Halvorsen, Øyvind W. (2021). Faglege identitetsforhandlingar i ein fleirstemmig norsklærarrøyndom. Acta Didactica Norden, 15(2), 21 sider. https://doi.org/10.5617/adno.7889