Prosessdrama som estetisk læreprosess: Ein strategi for utforskande iscenesetjing av sentrale verdiområde i Fagfornyinga

Forfattere

  • Vigdis Vangsnes Høgskulen på Vestlandet

DOI:

https://doi.org/10.5617/adno.8294

Emneord (Nøkkelord):

estetiske læreprosessar, prosessdrama, performativitet, kreative prosessar, demokratisk danning, Fagfornyinga

Sammendrag

I den overordna delen av Læreplanverket (heretter omtala Fagfornyinga) blir det poengtert at skulen skal la elevane utfalda skaparglede, engasjement og utforskartrong, og at dei skal få erfaring med å omsetja idear i handling. Samspel, kreativitet og skapande arbeid, og kommunikasjon med vekt på lytting og dialog, er difor viktige målområde i Fagfornyinga. Målsetjingane kan nåast gjennom eit breitt spekter av metodar og læringsaktivitetar, og variasjon i arbeidsmåtar blir sett på som ein nøkkel til læring.

I lys av teori om performativitet, didaktikk, estetikk og estetiske læreprosessar drøftar eg kva potensial den estetiske læreprosessen prosessdrama har som didaktisk verktøy for å belysa og arbeida med verdigrunnlaget i Fagfornyinga. Eg ser spesielt på det mangfaldet som ligg i prosessdrama som uttrykks- og undervisningsmetode, og korleis prosessdrama kan leggja til rette for å ta vare på målområda. Data frå eit prosessdrama om Antigone gjennomført med grunnskulelærarstudentar er brukt som eksempel. Undervisninga er døme på ei modellering der studentane på campus øver seg på ulike undervisningsstrategiar før dei skal ut i praksis.

Funna frå den abduktive analysen viser at dei seks diskursane eg har konseptualisert som sentrale i Fagfornyinga – kunnskapsutviklingsdiskursen, identitetsdannings
diskursen, kreativ utøving-diskursen, kritisk tenking-diskursen, demokratisk medverknad-diskursen og performativ handling-diskursen – kvar på sin måte og ofte i samspel, kan arbeidast med og utviklast ved bruk av prosessdrama i klasserommet. Artikkelen avsluttar med eit framlegg til modell, inspirert av skrivehjulet, som løftar fram kva som kjenneteiknar estetiske læreprosessar når prosessdrama er læringsmediet, og korleis pedagogen ved bruk av undervisningsstrategien prosessdrama kan arbeida med diskursane og dermed med mykje av det sentrale verdigrunnlaget i Fagfornyinga.

Forfatterbiografi

Vigdis Vangsnes, Høgskulen på Vestlandet

Faculty of Teacher and Cultural Education

Associate Professor, PhD

Nedlastinger

Publisert

2021-11-17

Hvordan referere

Vangsnes, V. (2021). Prosessdrama som estetisk læreprosess: Ein strategi for utforskande iscenesetjing av sentrale verdiområde i Fagfornyinga. Acta Didactica Norden, 15(2). https://doi.org/10.5617/adno.8294