TY - JOUR AU - Mandelid, Mathias Brekke AU - Abelsen, Kristian AU - Leirhaug, Petter Erik PY - 2022/11/10 Y2 - 2024/03/29 TI - Vurdering i kroppsøving for livslang friluftslivsglede JF - Acta Didactica Norden JA - ADNO VL - 16 IS - 3 SE - Artikkel DO - 10.5617/adno.8351 UR - https://journals.uio.no/adnorden/article/view/8351 SP - 17 sider AB - <p>Friluftsliv og vurdering i kroppsøving står fram som utfordrande å innfri etter Læreplan for Kunnskapsløftet 2006 sine intensjonar. Denne studien undersøker korleis fem lærarar beskriv vurderingsarbeid etter å ha gjennomført 12 timar friluftslivsundervisning i kroppsøving på Vg1. Lærarane deltok i eit aksjonsforskingsprosjekt og vart intervjua i etterkant av friluftslivsundervisninga. Studien syner at det ikkje er automatikk i at lærarar med kompetanse i friluftsliv og god forståing for læreplan og vurdering, operasjonaliserer og legg til rette for å integrere vurdering som del av friluftslivsundervisninga i kroppsøving. Lærarane har vektlagt sosial kompetanse og samarbeid i undervisninga og ser dette som grunnleggande for å skape gode naturopplevingar for elevane. Det kjem fram korleis friluftsliv med eit slikt innhald balanserer ein dominerande idretts- og prestasjonsorientert kroppsøvingspraksis og kan bidra til endring. Kva gjeld vurdering synast lærarane meir usikre, både på korleis og i kva grad dei skal vurdere elevane i friluftsliv. Dei søker  ny forståing og formative tilnærmingar, men omtalen av gjennomført vurderingsarbeid er prega av tradisjonelle tankemønster omkring vurdering. Funn syner eit behov for å gå opp nye stigar i skulen sitt læringslandskap for friluftsliv, både kva gjeld vurdering og korleis skape verdifullt friluftsliv i kontekst av kroppsøving.</p> ER -