Lærarstudentar si oppleving av ei mentorordning i norsk grunnskulelærarutdanning

Forfattere

  • Bente Opheim Høgskulen på Vestlandet
  • Reidun Faye Høgskulen på Vestlandet

DOI:

https://doi.org/10.5617/adno.8191

Emneord (Nøkkelord):

mentor, samarbeidslæring, engasjement, motivasjon, studieinnsats, lærarutdanning

Sammendrag

Mentorordningar, der studentar blir rettleia av ein vidarekommen student eller tilsett, har fått mykje merksemd i høgare utdanning dei siste åra. I norske styringsdokument for sektoren ligg det ei forventning til at slik mentorverksemd skal bli utvikla i større skala og bidra til kvalitetsarbeidet til universitet og høgskular. Samstundes viser oversiktsstudiar at omgrepet blir forstått svært ulikt og famnar om ei rekke forskjellige former for samarbeidslæring og at det finst lite forskingsbasert kunnskap om korleis slike mentorordningar bidrar til å heve kvaliteten ved norske høgare utdannings­institusjonar. I denne artikkelen presenterer vi resultat av eit mentoropplegg gjennom­ført med førsteårsstudentar og masterstudentar ved grunnskulelærarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet. Studentane rapporterte at dei vart meir engasjerte, motiverte og la inn høgare arbeidsinnsats som resultat av mentorordninga. I artikkelen utforskar vi på kva måte sjølve mentorordninga kan ha verka motiverande. Vi tek utgangspunkt i sjølvbestemmingsteori (SDT), som har som premiss at for å oppnå høgare motivasjon og engasjement må tre basale psykologiske behov vere til stades: kompetanse, autonomi og tilhøyrsle. Gjennom spørjeskjema og intervju undersøker vi korleis mentorordningar ser ut til å ha hatt effekt på studentane si oppleving av kompetansen dei har tileigna seg, på kva måte deira autonomi har blitt ivaretatt eller utfordra, og korleis ordninga har verka inn på kjensla av tilhøyrsle og integrasjon. Både førsteårsstudentane og mentorane opplevde styrka kompetanse og positive meistringserfaringar som følgje av mentor­opplegget. Handtering av autonomi syntest å vere ei utfordring for begge student­grupper, medan behovet for tilhøyrsle vart verdsett høgt, men i ulik grad innfridd.

Nedlastinger

Publisert

2021-12-15

Hvordan referere

Opheim, B., & Faye , R. (2021). Lærarstudentar si oppleving av ei mentorordning i norsk grunnskulelærarutdanning. Acta Didactica Norden, 15(3), 23 sider. https://doi.org/10.5617/adno.8191