Kvinna i den kulturelle bibelen. Ein analyse av nyare norske barne- og ungdomsbiblar

Ingunn Aadland

Sammendrag


I denne artikkelen undersøker eg korleis kvinner er representert i den norske kulturelle bibelen med utgangspunkt i gjenforteljingane av Det nye testamentet i barnebiblar utgjevne det siste tiåret. Eit hovudfunn i bibelresepsjonen er at barnebiblar prioriterer forteljingar der menn er hovudpersonar. Vidare finn eg to hovudtendensar i dei forteljingane der kvinner er sentrale: 1) deira rolle er nedprioritert og marginalisert, 2) der kvinner si rolle er framheva, er dei presentert som synderinner. Eg hevdar ikkje at desse fortolkingane er medvitne uttrykk for kvinneforakt. Snarare reflekterer dei ein lojalitet overfor den kulturelle bibelen, det vil seie bibelen slik den vert hugsa og forstått i vår kultur, og like mykje ei manglande erkjenning av rolla kulturen speler i tolkinga av bibelen. Denne resepsjonen av bibelen er ikkje berre reproduksjon og aksept av antikkens ideal, men og uttrykk for verdiar i vår eiga tid.

Nøkkelord: Bibel, kulturell bibel, barnebibel, resepsjon, kjønn

This article examines how women are presented in contemporary Norwegian biblical interpretations for children, taking some recent Norwegian children’s bibles reception of the New Testament as examples. One main finding is that children’s bibles often prioritize narratives where men serve as main characters. Moreover, in stories where women play a part, I find two tendencies: 1) their role is either downplayed or marginalized out of the story, 2) when those women’s characters are developed further, they are presented as sinners. I do not suggest that such interpretations are meant to degrade women. Rather, they reflect a loyal attitude towards the cultural bible, the bible as it is commemorated and understood within our culture, and more importantly a lacking awareness of one’s own culture and the role it plays in biblical interpretation. This reception of the bible is not only a reproduction and acceptance of ideals of the Antiquity; but expressions of unfortunate contemporary cultural values.

 Keywords: Bible, Cultural bible, Childrens’ bibles, Reception, Gender


Fulltekst:

PDF


DOI: http://dx.doi.org/10.5617/pri.6957

Innkommende lenker

  • Det er p.t. ingen innkommende lenker.