Planken som forsvann. Ein analyse av avgangsprøva i norsk gjennom 50 år.

Anne Løvland

Sammendrag


Samandrag

Alle elevar i den norske grunnskulen kan bli trekte ut til å gjennomføre avgangsprøva i norsk. I læreplanane legg ein vekt på at elevane skal få opplæring ut frå eigne føresetnader og det er derfor interessant å undersøke korleis dette kjem til uttrykk i avgangssprøvene. Materialet er avgangsprøvene frå 1967 til 2017 – altså femti prøvesett. Lesing og skriving har stått sentralt i heile perioden, men faget har også ein eigen kunnskapskomponent som elevane blir prøvd i. Materialet er omfattande og variert, men eg har likevel sett trekk som gjer det mogeleg å peike på tre karakteristiske evalueringspraksisar som til dels følgjer etter kvarandre i tid: Tilpassa regulering er kjenneteikna av skulen tek ansvaret for at den enkelte blir presentert for passande oppgåver. Tilrettelagt valfridom er kjenneteikna av at elevane får valfridom til sjølv å finne passande oppgåver. Krevjande likebehandling er ein praksis der ein legg lista like høgt for alle  gjennom å snevre inn valfridomen. Hovudkonklusjonen er at interessa for å gje også svake elevar ein mogelegheit til å lukkast ut frå sine føresetnader, har blitt mindre over tid.

 

Summary

All students in the Norwegian elementary school can be selected to complete the final exam in Norwegian. The curriculum emphasizes that students will receive training based on their own prerequisites and it is therefore interesting to investigate how this will be taken into account in the pass tests. The material is the final tests from 1967 to 2017 -  fifty sets of tests. Reading and writing have been central throughout the period, but the subject also has its own knowledge component in which the students are tried. The material is extensive and varied, but I have nevertheless seen features that may make it possible to look at three distinctive phases in the evaluation practice: Adapted regulation is characterized by the fact that the school takes responsibility for the individual being presented for suitable tasks. Facilitated freedom of choice is characterized by the fact that the pupils are given freedom of choice to find suitable assignments for themselves. Demanding equal treatment is a practice where one sets the same requirements for all through narrowing down freedom of choice. The main conclusion is that the interest for giving weak students an opportunity to succeed based on their prerequisites has become weaker over time.

 


Emneord (Nøkkelord)


lesing, skriving, eksamen

Fulltekst:

PDF HTML


DOI: http://dx.doi.org/10.5617/sakprosa.5971