Kateketteneste og embetssyn – vigsling til kva?

  • Jan Ove Ulstein Dosent em., Høgskulen i Volda.

Sammendrag

Denne artikkelen vil fylgje den ferske historia til katekettenesta i Norge ut ifrå ei bestemt interesse. Vi skal fylgje kampen for å utforme og forstå tenesta i forhold til andre tenester i kyrkja. For kvar teneste er det nødvendig med ei sjølvforståing som høver til ei plassering i feltet, i dette tilfelle i kyrkja. Kyrkja har i sin tradisjon lagt vekt på å kalle, velsigne og sende ut til teneste. Dette mønsteret finn vi i dei fleste kyrkjefamiliane. Men i vår lutherske tradisjon har det berre vore presten som har vorte ordinert. Når det så skjer ei endring, med nye tenester, så blir det ei utfordring både til tradisjon og situasjon. Ei teneste skal ha eit oppdrag i den faktiske situasjonen, med basis i den opphavlege sendinga. Korleis skal kyrkja kunne møte si tid, og korleis skal ein forstå dei nye tenestene? Kva er deira særskilde preg, deira yrkesidentitet? Skal dei ordinerast – til kva? Dette er historia om då eit nytt behov for ei ny teneste kjempa seg fram i eit ulendt landskap, og der sjølvaste embetsteologien (eller rettare: tenesteteologien) i kyrkja vart utfordra.