Digital danning med m-læring?

Danningsdidaktiske perspektiv på læring med digitale ressursar

  • Kåre Fuglseth Professor i fagdidaktikk, Nord universitet

Sammendrag


Sammendrag: Artikkelen presenterer og drøftar m-læring i lys av danningsdidaktiske teoriar for å utvikle kunnskap om lærarens profesjonsfaglege digitale kompetanse. M-læring er læring med mobile einingar som mobiltelefon og nettbrett. Artikkelen byggjer på resultat frå eit prosjekt gjennomført blant RLE-lærarstudentar om digitale læringsressursar i filosofi- og etikkundervisning. I utgangspunktet starta prosjektet med ei skeptisk haldning, men vi vart positivt overraska. Terskelen for bruken er særs låg, og dei teknologiske løysingane er stabile, enkle og intuitive. Særleg dei kreative og aktiviserande verktøy som ligg i desse, gjev nyttig danningspotensiale. Artikkelen viser òg til ei rad klassiske danningsdidaktiske problemstillingar som i møte med digital teknologi får ny aktualitet, og som er til god hjelp for læraren. Det er lett å gløyme at innhaldselementet i undervisninga legg premiss for undervisningsmetoden. Danningsteorien om undervisning som «peiking» frå den tyske pedagogen Klaus Prange blir ei særleg god hjelp til å forstå det som skjer i m-læring. 

Nøkkelord: IKT, danning, m-læring, religion og livssyn, etikk, filosofisk samtale, dybdelæring

 

Publisert
2020-04-07