Minne, mediering, meining. Teksttransformasjon som pedagogisk fenomen i Andreas Austlids Lesebok for folkeskulen (1902-1906)

Forfattere

  • Sveinung Nordstoga Høgskolen i Telemark

DOI:

https://doi.org/10.5617/sakprosa.302

Sammendrag

Korleis blir ein leseboktekst til? Dette overordna spørsmålet kan konkretiserast ved å undersøkje korleis minneforteljingar blir overførte og tilpassa ein lesebokkontekst. Leseboka det gjeld, Andreas Austlids Lesebok for folkeskulen (1902-1906), er viktig i norsk lesebokhistorie – ikkje berre fordi dette er det fyrste heile leseverket på landsmål, men også fordi Austlid gjekk ut i aviser med ei oppmoding om at folk måtte sende inn sine livshistorier (jf. Nordstoga, 2011). I desse historiene frå folk utanom den litterære offentlegheita, i Austlids eigne barndomsminne og i liknande tekstar frå kjente namn som barnebokforfattaren Rasmus Løland og folkeminnegranskaren Johannes Skar vil ein kunne undersøkje korleis redaktøren legg minna til rette slik at dei skal gje ei pedagogisk meining for lesaren, landsmålseleven. I varierande grad blir desse tekstane transformerte og tilpassa. I nokre høve er redigeringa dokumentert, i andre tilfelle manglar sikker dokumentasjon for å kunne trekke ein konklusjon. Såleis må ein ofte i dette tekstmateriale byggje framstillinga på eigne vurderingar på bakgrunn av indikatorar i materialet.


Forfatterbiografi

Sveinung Nordstoga, Høgskolen i Telemark

Førsteamanuensis i norsk ved Høgskolen i Telemark, Instituttt for lærerutdanningsfag

Nedlastinger

Publisert

2013-04-22