Unge retorar i Lofoten: Ein Toulmin-inspirert argumentasjonsanalyse av ein klasseromsdebatt

Forfattere

  • Kjersti Maria Rongen Breivega

DOI:

https://doi.org/10.5617/sakprosa.6167

Emneord (Nøkkelord):

argumentasjon, Toulmin-modellen, munnleg-didaktikk, demokratisk danning

Sammendrag

Emnet for denne artikkelen er ungdomskulelevars retoriske kompetanse, slik denne kjem fram i ein klasseromsdebatt om oljeutvinning i Lofoten-området. Klasseromsdebatten var førebudd via gruppearbeid der elevane tok utgangspunkt i tre ulike scenario om oljeutvinning i Lofoten-området. Det sentrale forskingsspørsmålet i artikkelen er kva argumentasjonskompetanse elevane syner i form av å byggje resonnement saman. Den analytiske tilnærminga er ein argumentasjonsanalyse med utgangspunkt i Toulmins argumentasjonsmodell (Toulmin 2003 [1958]). Kva potensial den monologiske Toulmin-modellen har som analysereiskap av dialogisk argumentasjon, er også eit forskingsspørsmål i artikkelen.

Analysen syner at elevane som deltok i denne klasseromsdebatten saman forma eit koherent hovudresonnement med ein tydeleg mot-argumentasjon. Analyseresultata tyder på at elevar i 8. klasse er i stand til å forme ganske komplekse resonnement saman, men at dette føreset god didaktisk tilrettelegging. Resultata viser også at Toulmin-modellen er eigna til å beskrive aktiv debatt blant elevar i ein klasseromssituasjon, og at modellen let seg integrere i eit dialogisk perspektiv på undervisning og språkleg samhandling.

Nedlastinger

Publisert

2019-01-03