Læreboka – ein garantist for læreplannær undervisning? Norskbøkene i møte med eit nytt hovudområde

Forfattere

  • Magne Rogne

DOI:

https://doi.org/10.5617/adno.1039

Emneord (Nøkkelord):

lærebøker, norskdidaktikk, lesevitskap, samansette tekstar, digital kompetanse

Sammendrag

I artikkelen blir fire sentrale lærebøker i norskfaget analysert for å få fram i kva grad dei samsvarar med læreplanen. Analysepunkta er knytte til det nye hovudområdet ”Sammensatte tekster” i planen, og slik blir òg evna faget har til å ta opp i seg tekstkulturelle endringar på realiseringsarenaen, tematisert. Dette skjer ved hjelp av omgrep frå sosialsemiotisk teori og refleksjonar rundt læreboka sine avgrensa mediale rammer. Artikkelen konkluderer med at samsvaret med læreplanen varierer ganske mykje mellom lærebøkene. Felles for alle er likevel at dei er særleg svake på feltet digitale tekstar, og her vil det måtte tvinge seg fram ei undervisning som i langt større grad enn tidlegare må vere frigjort frå lærebøkene, dersom elevane skal nå kompetansemåla i planen.

Nedlastinger

Publisert

2009-06-03

Hvordan referere

Rogne, M. (2009). Læreboka – ein garantist for læreplannær undervisning? Norskbøkene i møte med eit nytt hovudområde. Acta Didactica Norge, 3(1), (Art. 11, 21 sider). https://doi.org/10.5617/adno.1039

Utgave

Seksjon

Artikler