Ei endra medborgaroppseding?

Forfattere

  • Kjetil Børhaug Universitetet i Bergen

DOI:

https://doi.org/10.5617/adno.4709

Emneord (Nøkkelord):

fagdidaktikk, politisk sosialisering, demokratisk danning, demokratipolitikk

Sammendrag

I norsk samanheng har prioriteringa av den demokratiske medborgaropp-sedinga i skulen gradvis blitt sterkare. I 2015 kom Ludvigsenutvalet med sin sluttrapport, Fremtidens skole (NOU, 2015: 8), og året etter Melding til Stortinget 28, Fag – Fordypning – Forståelse (Kunnskapsdepartementet, 2016). Begge signaliserer at demokrati og medborgarskap skal vera eit prioritert, tverrfagleg område. Desse endringsforslaga reiser spørsmålet om kva for demokratisk oppseding vi i norsk skule er på veg mot. Demokratisk danning er ikkje ein eintydig storleik. Demokratisk deltaking vil ta ulike former i ulike institusjonelle kontekstar, og det er derfor eit viktig spørsmål kva arenaer for deltaking medborgaroppsedinga skal peika på. Viktige spørsmål er også om deltakinga skal vera kritisk orientert, eller om den skal avgrensa seg til effektiv problemløysing innanfor kjende rammer. Er deltaking forstått som individuell åtferd eller krev det sosiale og politiske rørsler? Denne artikkelen vil, med utgangspunkt i ein statsvitskapleg tradisjon, gjera greie for slike ulike forståingar av kva for deltaking som er mogeleg kor, og drøfta endringsforslaga i denne samanhengen. Artikkelen konkluderer med at endringsforslaga peikar i retning av ei avpolitisert og individualisert politisk oppseding.

Nøkkelord: politisk sosialisering, demokratipolitikk, samfunnsfagdidaktikk, medborgaroppseding

 

A changed citizenship education?

Abstract
Democratic citizenship education has become an even more important policy objective for Norwegian compulsory education. A recent expert commission (NOU, 2015: 8) and a governmental white paper (Kunnskapsdepartementet, 2016) discuss how democratic citizenship education can be strengthened. Do these proposals represent a change in Norwegian democratic citizenship education? Of particular importance is what kind of democracy the proposals favour. What participatory arrangements and institutions should students be introduced to? Will a critical perspective be encouraged? Is participation something invididual or is it a collective? This article discusses the proposals in relation to these questions and concludes that Norway seems to be headed towards an individualised, de-politicised citizenship education.

Keywords: political socialisation, democratic governance, social studies didactics, citizenship education

Nedlastinger

Publisert

2017-09-28

Hvordan referere

Børhaug, K. (2017). Ei endra medborgaroppseding?. Acta Didactica Norge, 11(3), Art. 6, 18, sider. https://doi.org/10.5617/adno.4709

Utgave

Seksjon

DEL 2: Tre nylig innførte tverrfaglige temaer i læreplanverket