Naturhistorie på vers – Petter Dass’ Nordlands Beskrivelse

Forfattere

  • Ronny Grønning Spaans

DOI:

https://doi.org/10.5617/sakprosa.9774

Emneord (Nøkkelord):

litteraturhistoriografi, Petter Dass, barokk, naturhistorie, topografi

Sammendrag

Nordlands Beskrivelse av Petter Dass (også kjend som Nordlands Trompet, skriven mellom 1670 og 1700, utgjeven i 1739) vart oppfatta både som poesi og naturhistorie av dei fyrste lesarane av boka. Men i norsk litteraturhistorie har den naturhistoriske komponenten vorte underkommunisert. Korleis skjedde det? I denne artikkelen peikar eg på to grunnar: J.S. Welhavens definering av verket som folkedikting og måten termen «barokk» har vorte bruka på i norsk litteraturhistoriografi. I denne samanhengen undersøkjer eg resepsjonen av Nordlands Beskrivelse i litteraturhistorier frå dei siste hundre åra. Til slutt vil eg prøve å nærme meg den historiske kommunikasjonssituasjonen for Nordlands Beskrivelse. Her viser eg òg korleis Dass brukar det poetiske språket til å uttrykkje naturhistorisk kunnskap.

Nedlastinger

Publisert

2023-03-31

Utgave

Seksjon

Artikler