Klart språk er lov – kva inneber det i praksis?

Authors

  • Torunn Reksten Språkrådet

DOI:

https://doi.org/10.5617/sakprosa.10712

Abstract

Klarspråk – internasjonalt kjent som Plain Language eller Clear Language – er eit satsingsfelt i både offentleg og privat sektor over heile verda. Tidsskriftet Sakprosa har invitert ekspertar frå ei rekkje fagfelt til å skrive artiklar om klarspråk ut frå eige perspektiv. Denne gongen er det Torunn Reksten, som er koordinator for Språkrådets klarspråksarbeid. Tekstane er ikkje fagfellevurderte vitskaplege artiklar, men kyndige faglege innspel i eit felt der dialogen mellom vitskap og dagsaktuell praksis er særleg viktig. I 2015 publiserte tidsskriftet eit temanummer om klarspråk med fagfellevurderte artiklar. Vi vonar den aktuelle artikkelserien kan stimulere forskarkolleger i Norden til å bidra med fleire vitskaplege artiklar i åra som kjem.

Author Biography

Torunn Reksten, Språkrådet

Torunn Reksten har leia Språkrådets arbeid med å innføre den nye språklova. Torunn er koordinator for Språkrådets klarspråksarbeid, visepresident i den internasjonale klarspråksorganisasjonen Plain Language Association International (PLAIN) og Standard Norges representant i arbeidet med dei internasjonale klarspråksstandardane (ISO-24495).

Published

2023-10-23