Klart språk er lov – kva inneber det i praksis?
DOI:
https://doi.org/10.5617/sakprosa.10712Sammendrag
Klarspråk – internasjonalt kjent som Plain Language eller Clear Language – er eit satsingsfelt i både offentleg og privat sektor over heile verda. Tidsskriftet Sakprosa har invitert ekspertar frå ei rekkje fagfelt til å skrive artiklar om klarspråk ut frå eige perspektiv. Denne gongen er det Torunn Reksten, som er koordinator for Språkrådets klarspråksarbeid. Tekstane er ikkje fagfellevurderte vitskaplege artiklar, men kyndige faglege innspel i eit felt der dialogen mellom vitskap og dagsaktuell praksis er særleg viktig. I 2015 publiserte tidsskriftet eit temanummer om klarspråk med fagfellevurderte artiklar. Vi vonar den aktuelle artikkelserien kan stimulere forskarkolleger i Norden til å bidra med fleire vitskaplege artiklar i åra som kjem.