Store sprik

Ei gransking av modulen «RLE i PEL» i grunnskulelærarutdanninga

  • Kåre Fuglseth Professor i fagdidaktikk. Fakultet for lærarutdanning og kunst og kulturfag, Nord universitet.
  • Olav Kansgar Straum Førsteamanuensis i religionsdidaktikk. Institutt for lærarutdanning og pedagogikk, Universitetet Tromsø, Norges arktiske universitet.

Sammendrag

Artikkelen presenterer resultat frå ei gransking av modulen religion, livssyn og etikk i den nye, norske femårige grunnskulelærarutdanninga frå 2017. Modulen er fastlagt i forskrifta for utdanninga og er obligatorisk for alle studentar. Undersøkinga byggjer først og fremst på materiale frå emne- og studieplanar, og viser store sprik mellom dei tolv lærarutdannings-
institusjonane i den lokale implementeringa av dei nasjonale retningslinene for modulen når det gjeld organisering og innhald. Det var djupe faglege og politiske stridar kring innføringa av faget, noko som kan forklare dei skilnadene vi har i dag. Formuleringa i forskrifta om ein «integrert modul» har vore gjenstand for vide tolkingar. På bakgrunn av dei publiserte planane vurderer vi det slik at mange lærarstudentar ikkje vil få den utdanninga som forskrifta legg opp til, og at nokre institusjonar kan seiast å bryte med henne.

Nøkkelord: Femårig grunnskulelærerutdanning, lærerutdanning, lærerprofesjon, RLE, religion, livssyn og etikk, PEL-faget, mangfaldskompetanse

Publisert
2020-06-02