– Vi har lykkast godt med å få ned kriseåtferda til ungdomar

I Bodø og Lunde føregår det eit nybrottsarbeid i behandlinga av unge med store psykiske vanskar

Authors

  • Silje Pileberg

DOI:

https://doi.org/10.5617/suicidologi.9810

Abstract

I Bodø i nord og Lunde ved Kristiansand miksast barnevern og helsehjelp på ein måte som aldri før har blitt gjort i Noreg – nesten ikkje internasjonalt, heller. Bodø behandlingssenter og Lunde behandlingssenter vart etablerte i 2018 og 2019 og husar
til ei kvar tid totalt opp til elleve ungdomar mellom 13 og 18 år. – Områda barnevern og helsevesen har lenge vore som to siloar. Vi har sete på to ulike klodar og forsøkt å hjelpe, men vi har ikkje samarbeida, seier senterleiar Lars Mehlum ved Nasjonalt senter for selvmordsforskning og -forebygging (NSSF). Ved dei såkalla DBT-OEM-institusjonane i Bodø og Lunde bur ungdomane i eit miljø over tid der dei har tilgang på både miljøterapeutar og helsehjelp.

Published

2022-08-24