Det affektive møtet mellom tekst og lesar: Tre postkritiske inngangar til å velja skjønnlitteratur i morsmålsfaget

  • Per Esben Myren-Svelstad NTNU
Emneord (Nøkkelord): litteraturdidaktikk, litterær kompetanse, litterær kanon, litterær etikk, postkritikk, affektteori

Sammendrag

Artikkelen identifiserer val av skjønnlitteratur som ein kjernepraksis i morsmåls-undervisninga, der det i liten grad finst forsking på eksisterande praksis og teoretiske grunnlagsproblem. Det er til det sistnemnde feltet artikkelen søkjer å bidraga, ved å opne opp og nyansere diskusjonen om premissar for litteraturval. Artikkelen er todelt. Den fyrste delen er ei metateoretisk drøfting av dei ulike syna på skjønnlitteratur og litteraturundervisning som er i spel i kanon- og utvalsdebattar. Drøftinga bruker dikotomien kvalitet/representativitet som tankefigur for å klårgjera skiljeliner, samanfall og uteoretiserte premissar i dei ulike haldningane. Med utgangspunkt i dette blir det argumentert for at eit dialogisk syn på litterær kompetanse, saman med postkritisk teori, kan danne eit meir fruktbart utgangspunkt for å reflektere over kva litteraturen gjer i møte med lesarar, og dimed kva for grunnlag ein vel litteratur ut frå. Den andre delen føreslår å didaktisere postkritisk teori ved å skildre tre inngangar til litteraturvalet. Desse inngangane kan sjåast som grunnlag for å velja litteratur, men òg som kategoriar for å skildre kva som skjer i møtet mellom lesarar og dei skjønnlitterære tekstene i morsmålsfaget. Avslutningsvis blir den presumptive konflikten mellom estetisk utforsking og didaktisk målstyring drøfta, og det blir argumentert for at litteratursynet artikkelen skildrar, stør opp under ei problembasert litteraturundervisning.

Nøkkelord: litteraturdidaktikk, litterær kompetanse, litterær kanon, litterær etikk, postkritikk, affektteori


The affective encounter between text and reader:
Three postcritical approaches to the choice of literature in L1 education

Abstract
The article identifies the selection of literature as a core practice in L1 education on which there is a limited amount of research on existing practices and theoretical assumptions. Seeking to contribute to the latter, the article suggests ways to open and nuance the discussion around the selection of literature. The article consists of two main parts. The first part offers a metatheoretical discussion of the differing views on imaginative literature and literary education at stake in discussions of the literary canon and literature selection. The discussion employs the dichotomy quality/representativity as analytical category in order to highlight fissures, overlaps and untheorized assumptions in the differing viewpoints. Hence, it is argued that a dialogical understanding of literary competence, in conjunction with postcritical theory, may form a more productive starting point for reflections on what literature does in encounters with readers, and thus on what basis literary texts are selected. The second part of the article suggests a pedagogization of postcritical theory by describing three approaches to the selection of literature. These approaches can be regarded as a basis for selection, but also descriptive categories of what happens in the encounter between readers and texts in the context of L1 education. In conclusion, the supposed conflict between aesthetical exploration and pedagogical management by objectives is discussed, and it is argued that the notion of literature described in the article supports a problem-based literary instruction.

Keywords: literary education, literary competence, literary canon, literary ethics, postcritical theory, affect theory

Publisert
2020-10-05
Hvordan referere
Myren-Svelstad, P. E. (2020). Det affektive møtet mellom tekst og lesar: Tre postkritiske inngangar til å velja skjønnlitteratur i morsmålsfaget. Acta Didactica Norden, 14(3), 18 sider. https://doi.org/10.5617/adno.7811
Seksjon
Artikkel