Pedagogiske tekstar om ordklassar: ei undersøking av lærebøker i norsk på 3. og 4. trinn

  • Tor Arne Haugen Høgskulen i Volda
  • Eivor Finset Spilling Høgskulen i Volda
Emneord (Nøkkelord): ordklassar, pedagogiske tekstar, læreplan, systemorientert tilnærming, funksjonsorientert tilnærming

Sammendrag

Korleis blir ordklassane i norsk framstilte i lærebøker i norskfaget for 3. og 4. trinn? I læreplanen (LK06) blir ordklassar eksplisitt nemnde i kompetansemål etter 4. trinn, der det heiter at elevane skal kunne «beskrive ordklasser og deres funksjon». Eit viktig spørsmål blir då korleis ein forstår omgrepet funksjon. Tradisjonelt blir ordklassane i skulegrammatikken handsama med grunnlag i eit systemorientert grammatikksyn, og det er difor interessant å undersøke nærare korleis læreverka balanserer det systemorienterte med det funksjons- og tekstorienterte fokuset i læreplanen. Materialet omfattar pedagogiske tekstar om ordklassar i fire læreverk, og det er utført ein kvalitativ innhaldsanalyse for å få fram korleis ulike innhaldskategoriar blir vektlagde. Undersøkinga viser at alle læreverka er både systemorienterte og funksjonsorienterte, men at skilnadene i vektlegging er relativt store. Det er også skilnader når det gjeld kva for ordklassar som blir presenterte, og undersøkinga fokuserer på verb, substantiv og adjektiv, som blir handsama i alle læreverka. Det blir også funne skilnader i framstillinga av dei einskilde ordklassane. Endeleg blir det argumentert for at det kan vere vanskeleg å oppnå ei første forståing av funksjonane til ordklassane så lenge dei blir handsama åtskilt frå funksjonane dei har i setningar.

Nøkkelord: ordklassar, pedagogiske tekstar, læreplan, systemorientert tilnærming, funksjonsorientert tilnærming


Pedagogical texts on parts of speech: an investigation of textbooks in Norwegian studies for the 3rd and 4th year of schooling

Abstract
How are parts of speech presented in textbooks for Norwegian studies for the 3rd and 4th year of schooling? In the curriculum (LK06), parts of speech are explicitly mentioned in a competence aim succeding the 4th year, which states that the pupils shall be able to describe parts of speech and their functions. An important question is therefore how the notion of function is understood. In traditional school grammars, the parts of spech have been treated on the basis of a systemic view of grammar, and it is therefore interesting to investigate how textbooks balance the systemic approach with the function- and text oriented approach in the curriculum. The material of the investigation includes pedagogical texts from four textbook series, and a qualitative content analysis has been carried out to reveal how different content categories are emphasised. The investigation shows that all series of textbooks are oriented both towards systemic and functional approaches, but also that there are substantial differences in emphasis. There are also differences when it comes to which parts of speech are included in the textbooks, and since all textbook series include verbs, nouns and adjectives, the further investigation focused on these classes. Differences were also found as to how the individual parts of speech are presented. Finally, it is argued that a first understanding of the functions of the parts of speech might be difficult to achieve as long as they are treated apart from their functions in clauses.

Keywords: parts of speech, pedagogical texts, curriculum, systemic approach, functional approach

Publisert
2020-05-08
Hvordan referere
Haugen, T. A., & Spilling , E. F. (2020). Pedagogiske tekstar om ordklassar: ei undersøking av lærebøker i norsk på 3. og 4. trinn. Acta Didactica Norden, 14(1), 27 sider. https://doi.org/10.5617/adno.7927
Seksjon
Artikkel