«Ikke så kjedelig som jeg trodde»

Mogelegheiter og utfordringar ved ei utforskande tilnærming til grammatikk for lærarstudentar

Forfattere

  • Brita Ramsevik Riksem Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU)
  • Cecilie Slinning Knudsen Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU)

DOI:

https://doi.org/10.5617/adno.9809

Emneord (Nøkkelord):

grammatikk, grammatikkdidaktikk, utforskande undervising, intuitiv språkkompetanse

Sammendrag

I denne artikkelen skildrar og diskuterer vi utforminga og gjennomføringa av eit ut­forskande undervisingsopplegg i grammatikk for lærarstudentar. Tradisjonell gramma­tikkundervising er typisk assosiert med ei normativ og deduktiv tilnærming. Med vårt undervisingsopplegg ønska vi i staden å gjere grammatikkundervisinga meir utforsk­ande og deskriptiv ved å la studentane ta utgangspunkt i sin eigen intuitive språk i møte med konkrete språklege data. Opplegget vart gjennomført i to studentgrupper (grunn­skulelærarutdanning og vidareutdanning) ved NTNU, og grunnlaget for drøftinga er studentane sine svar på ei spørjeundersøking og dessutan observasjonar frå gjennom­føringa. I undervisingsøktene observerte vi at studentane var engasjerte, og i spørje­undersøkinga skildrar studentane opplegget som morosamt og lærerikt. Studentane rapporterer at dei sit att med eit godt fagleg utbytte, og dei ser potensial for ei ut­forskande tilnærming til grammatikk i eigne klasserom. Å sjå seg sjølv og elevane som språk(ut)forskarar var eit nytt og nyttig perspektiv for mange. Utfordringane ved opplegget knyt seg både til faginnhaldet og til metoden i seg sjølv. Fleire studentar opplever oppgåvene som utfordrande og dei etterlyser meir instruksjon. Fagleg kompe­tanse og tryggleik blir avgjerande både i eiga utforsking og når lærar(student)ane skal gjennomføre og støtte elevar i utforskande arbeid seinare. Vi argumenterer for at ei utforskande tilnærming skaper ein undervisingssituasjon der studentane opplever rele­vans, kompetanse og meistring i arbeidet med grammatikk. Samtidig må opplegget vidareutviklast for å imøtekome både dei faglege og dei metodiske utfordringane.

Nedlastinger

Publisert

2023-12-19

Hvordan referere

Riksem, B. R., & Knudsen, C. S. (2023). «Ikke så kjedelig som jeg trodde»: Mogelegheiter og utfordringar ved ei utforskande tilnærming til grammatikk for lærarstudentar. Acta Didactica Norden, 17(4), 22 sider. https://doi.org/10.5617/adno.9809