Vurdering i kroppsøving for livslang friluftslivsglede
DOI:
https://doi.org/10.5617/adno.8351Emneord (Nøkkelord):
kroppsøving, friluftsliv, aksjonsforsking, vurdering, vidaregåande skule, didaktikkSammendrag
Friluftsliv og vurdering i kroppsøving står fram som utfordrande å innfri etter Læreplan for Kunnskapsløftet 2006 sine intensjonar. Denne studien undersøker korleis fem lærarar beskriv vurderingsarbeid etter å ha gjennomført 12 timar friluftslivsundervisning i kroppsøving på Vg1. Lærarane deltok i eit aksjonsforskingsprosjekt og vart intervjua i etterkant av friluftslivsundervisninga. Studien syner at det ikkje er automatikk i at lærarar med kompetanse i friluftsliv og god forståing for læreplan og vurdering, operasjonaliserer og legg til rette for å integrere vurdering som del av friluftslivsundervisninga i kroppsøving. Lærarane har vektlagt sosial kompetanse og samarbeid i undervisninga og ser dette som grunnleggande for å skape gode naturopplevingar for elevane. Det kjem fram korleis friluftsliv med eit slikt innhald balanserer ein dominerande idretts- og prestasjonsorientert kroppsøvingspraksis og kan bidra til endring. Kva gjeld vurdering synast lærarane meir usikre, både på korleis og i kva grad dei skal vurdere elevane i friluftsliv. Dei søker ny forståing og formative tilnærmingar, men omtalen av gjennomført vurderingsarbeid er prega av tradisjonelle tankemønster omkring vurdering. Funn syner eit behov for å gå opp nye stigar i skulen sitt læringslandskap for friluftsliv, både kva gjeld vurdering og korleis skape verdifullt friluftsliv i kontekst av kroppsøving.
Nedlastinger
Publisert
Hvordan referere
Utgave
Seksjon
Lisens
Opphavsrett 2022 Mathias Brekke Mandelid, Kristian Abelsen, Petter Erik Leirhaug
![Creative Commons License](http://i.creativecommons.org/l/by-nc-nd/4.0/88x31.png)
Dette verket er lisensiert under Creative Commons Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 International License.
© CC BY 4.0 (2023 –)
Verk fra og med 2023 er lisensiert under en CC BY 4.0-lisens.
© CC BY-ND 4.0 (2023 -)
Verk fra og med 2023 kan lisensieres under en CC BY-ND 4.0-lisens, men krever at forfatteren(e) gir faglig begrunnelse for dette.
© CC BY-NC-ND 4.0 (– 2022)
Verk til og med 2022 lisensiert under en CC BY-NC-ND 4.0-lisens.