Vurdering i kroppsøving for livslang friluftslivsglede

Forfattere

  • Mathias Brekke Mandelid Universitetet i Sørøst-Norge og Høgskulen på Vestlandet
  • Kristian Abelsen Norges idrettshøgskole
  • Petter Erik Leirhaug Norges idrettshøgskole

DOI:

https://doi.org/10.5617/adno.8351

Emneord (Nøkkelord):

kroppsøving, friluftsliv, aksjonsforsking, vurdering, vidaregåande skule, didaktikk

Sammendrag

Friluftsliv og vurdering i kroppsøving står fram som utfordrande å innfri etter Læreplan for Kunnskapsløftet 2006 sine intensjonar. Denne studien undersøker korleis fem lærarar beskriv vurderingsarbeid etter å ha gjennomført 12 timar friluftslivsundervisning i kroppsøving på Vg1. Lærarane deltok i eit aksjonsforskingsprosjekt og vart intervjua i etterkant av friluftslivsundervisninga. Studien syner at det ikkje er automatikk i at lærarar med kompetanse i friluftsliv og god forståing for læreplan og vurdering, operasjonaliserer og legg til rette for å integrere vurdering som del av friluftslivsundervisninga i kroppsøving. Lærarane har vektlagt sosial kompetanse og samarbeid i undervisninga og ser dette som grunnleggande for å skape gode naturopplevingar for elevane. Det kjem fram korleis friluftsliv med eit slikt innhald balanserer ein dominerande idretts- og prestasjonsorientert kroppsøvingspraksis og kan bidra til endring. Kva gjeld vurdering synast lærarane meir usikre, både på korleis og i kva grad dei skal vurdere elevane i friluftsliv. Dei søker  ny forståing og formative tilnærmingar, men omtalen av gjennomført vurderingsarbeid er prega av tradisjonelle tankemønster omkring vurdering. Funn syner eit behov for å gå opp nye stigar i skulen sitt læringslandskap for friluftsliv, både kva gjeld vurdering og korleis skape verdifullt friluftsliv i kontekst av kroppsøving.

Nedlastinger

Publisert

2022-11-10

Hvordan referere

Mandelid, M. B., Abelsen, K., & Leirhaug, P. E. (2022). Vurdering i kroppsøving for livslang friluftslivsglede. Acta Didactica Norden, 16(3), 17 sider. https://doi.org/10.5617/adno.8351

Utgave

Seksjon

Artikkel