Elevar sine opplevingar og bruk av ferdigheiter i samfunnskunnskap

Ein kvalitativ studie av sosiale klasseskilje i norsk vidaregåande skule

Forfattere

  • Thomas Noven Eide Universitetet i Bergen

DOI:

https://doi.org/10.5617/adno.9226

Emneord (Nøkkelord):

samfunnsfag, sosial klasse, kulturell kapital, intervju, etnografisk feltstudie

Sammendrag

Ferdigheiter i samfunnskunnskapsemne skal setje elevar i stand til å delta i samfunnet på like vilkår, men vi veit lite om korleis dette skjer i praksis. For å skaffe meir inngåande kunnskap om ulikskap i ferdigheitstileigning har eg med inspirasjon frå Bourdieu (1985, 1977) sitt teoritilfang om sosial klasse og kulturell kapital og Barton (2015) intervjua elevar om fem undervisingssituasjonar eg har observert dei i. To opp­gåvetypar viste seg særleg relevante for å få fram ferdigheiter: klasseromsdiskusjonar og drøftingsoppgåver. Problemstillinga er: Har elevar med ulik sosial klassebakgrunn ulik oppleving og verdsetjing av samfunnsfaglege ferdigheiter?

Middelklasseelevar sine opplevingar av ferdigheiter til å skrive drøftingsoppgåver verka meir prosessorienterte ved at drøfting handla om å utforske ulike sider av ei sak. Samanlikna var arbeidarklasseelevane meir resultatorienterte og opptatte av å skrive korrekt faktainnhald. Når det kom til klasseromsdiskusjonar, opplevde middelklasse­elevane desse som interessante der deltaking handla om å utforske og lære i samtale med andre. Samanlikna opplevde arbeidarklasseelevane oftare deltaking som stress­ande, og om å presentere rett svar. Desse skilja blir relaterte til kunnskapskulturelle forventingar om danning som i hovudsak middelklasseelevane oppfattar. I tillegg fortel middelklasseelevane at dei får betre karakterar enn arbeidarklasseelevane som fokuserer på fullføring av skulefaget. I tråd med Bourdieu og Passeron (1990) fortel middel­klasseelevane om korleis dei lærer ferdigheiter heime, og verkar ha ein meir omfattande læringsprosess enn arbeidarklasseelevane.

Vidare forsking bør tydeleggjere kva ferdigheiter er og utvikle undervisinga for studie-, yrkes- og samfunnsdeltaking.

Nedlastinger

Publisert

2023-05-22

Hvordan referere

Eide, T. N. (2023). Elevar sine opplevingar og bruk av ferdigheiter i samfunnskunnskap: Ein kvalitativ studie av sosiale klasseskilje i norsk vidaregåande skule. Acta Didactica Norden, 17(2), 24 sider. https://doi.org/10.5617/adno.9226