Koherens i lektorutdanninga ved tre utdanningsinstitusjonar i Noreg. Ein kvalitativ studie frå eit leiingsperspektiv

Forfattere

  • Pernille Reitan Jensen Universitetet i Bergen

DOI:

https://doi.org/10.5617/adno.9286

Emneord (Nøkkelord):

koherens, lektorutdanning, lærarutdanning, koherens i eit programdesignperspektiv

Sammendrag

I ei tid der lektorutdanningane har stort fråfall, og der delar av dette fråfallet kan knytast til den praktiske organiseringa og mangel på samanheng mellom disiplinfag og profesjonsfag, er det behov for systematisk forsking på kva den praktiske organiseringa har å seie for samanhengen mellom disiplinfag og profesjonsfag. Denne studien undersøker korleis det vert arbeidd med koherens frå eit programleiingsperspektiv, og kva programleiinga opplever som moglege hindre i dette arbeidet. Studien tek eit programdesignperspektiv, og leiing for lektorutdanninga i nordisk ved tre norske utdanningsinstitusjonar (NTNU, UiB og UiO) har vorte intervjua gjennom semistrukturerte djupneintervju. Det er nytta teoridrive innhaldsanalyse av intervjumaterialet, som vidare vert diskutert i lys av koherensforsking, særleg koherensforsking gjort på lærarutdanning. Artikkelen viser at sjølv om utdanningsinstitusjonane har ulik organisering av sine utdanningar, eksisterer dei same utfordringane når det gjeld samanhengen og samarbeid mellom fagdidaktikk og disiplinfag. Det er manglar når det gjeld samarbeidsplattformer internt, samt mangel på ein felles tanke om kva lektorutdanninga skal vere. Artikkelen gjev eit bidrag til diskusjonen om koherens på programdesignnivå, og er eit bidrag til det vidare arbeidet med koherens i lektorutdanninga. 

Nedlastinger

Publisert

2022-10-17

Hvordan referere

Reitan Jensen, P. (2022). Koherens i lektorutdanninga ved tre utdanningsinstitusjonar i Noreg. Ein kvalitativ studie frå eit leiingsperspektiv. Acta Didactica Norden, 16(3), 21 sider. https://doi.org/10.5617/adno.9286

Utgave

Seksjon

Artikkel